Hopp til innholdet
Hjem/Aktuelt/

Godt for deg (og meg), Olivia!

Artikkel
2. februar
2022
Faktafyk
2022

Godt for deg (og meg), Olivia!

Kristian Hammerstad/Byhands

Kvifor framande superstjerner kan vere dei einaste som forstår deg.

Anne Gunn Halvorsen
Forfatter

Lytt til teksten som lydklipp:

Første gong eg møtte kjærleikssorg, var på det rufsete golvteppet heime på loftstova. Eg var 11 år og fikla med den fancy og gigantiske cdspelaren vår. Den hadde eit magasin som slukte seks plater om gongen, og lyden kom frå to store høgtalarar. Som du kanskje allereie har skjønt: Dette er ei stund sidan. Musikk vart kjøpt inn fysisk, og ein måtte lytte til det som var tilgjengeleg i huset. Ved eit uhell sette eg på storesyster si plate, volumet stod på fullt. Det var som å få ei bøtte iskaldt vatn over hovudet. Eg fraus til og skjønte ikkje kva som skjedde. Ut frå dei gigantiske høgtalarane kom ei stemme så rein, så iskald. Eg vil at du skal vite, sa denne dama, at eg ynskjer dykk to ingenting anna enn godt. Hyggeleg det, men det var noko som tilsa at dette var rein, skjær løgn. Ho var farleg, denne dama, og paralysert greidde eg ikkje å skippe vidare. Pluss: Eg ville jo høyre kva denne skremmande dama hadde på hjarta.
Sekundar seinare eksploderte låta, det kontrollerte var som blåst vekk og erstatta av eit raseri som eg vart både flau og sjokkert over å lytte til. Var det lov å seie slike ting som denne dama gjorde? Var dette kjensler det var ok å vise fram? Allereie 11 år gammal skjønte eg at nei, det var det vel absolutt ikkje! Den sinte kvinna i høgtalarane song direkte til ein mann, forstod eg, og lurte på om den nye dama hans var like pervers som ho sjølv hadde vore då dei var saman. Om denne nye dama saug han i kinosalen, og om mannen tenkte på henne når han hadde sex med den nye dama.
Gitarar! Trommer! Stemma vrengte seg frå rein til stygg, snerrande, og heile tida låg den fremst i lydbiletet. Det mest tabu var ikkje det seksuelle, som var drygt nok i seg sjølv, men også alle kjenslene ho hadde putta inn i denne songen. Ho var misunneleg, ho ville ha han som hadde dumpa henne, tilbake, ho var lei seg, og det viktigaste av alt: Ho var rasande! Ho let ikkje som om noko gjekk greitt, men brølte i staden ut det urimelege: Du sa du skulle vere saman med meg til døden skil oss ad men du er framleis i live! Ho skreik det ein gong til: Du er framleis i live!
Det var altså første gong eg opplevde kva kjærleikssorg kan vere. Låta heitte «You Oughta Know» og vart framført av Alanis Morissette, som då var 21 år. Eg er glad eg opplevde alt dette kaoset og raseriet i musikken før eg kjente på det sjølv. Å bli råka av kjærleikssorg som ung er smertefullt på mange nivå. Det verste er at ein kan føle seg så inderleg aleine. Det verkar som om ingen andre forstår. Kanskje forstår du deg heller ikkje sjølv, for i teorien skal det jo ikkje vere så gale å bli dumpa når du er tenåring. Hallo, du er jo beviseleg ung. Livet ditt kan fortsette omtrent som før, og du kan jo umogleg ha vore saman med han eller ho sååå lenge! Det er heilt rasjonelt ingen grunn til panikk. Det går jo over, alle veit jo det!
Kva feiler det deg når du likevel blir så … knust?
Det kan også kjennest einsamt fordi det ser ut som det går så fint med alle andre. I tv-seriar og filmar et ein ofte litt is om ein har kjærleikssorg, tar ansiktsmaske med venninnene og gret litt stille medan ein kikkar ut på regnet. Frå venninner og kompisar høyrer ein gjerne at dei er litt triste, men tja, det går no ofte greitt likevel. Det er sjeldan nokon som stiller seg opp midt i skulekorridoren og brøler at du skulle aldri ha gått frå meg! I staden høyrer ein ofte at brotet sikkert var til det beste uansett, ja, ja, og dei ynskjer eksen sin alt godt.
Korleis er det mogleg at alle andre taklar det så bra?
Det er ikkje mogleg, og heldigvis har me musikken og dei framande superstjernene som viser fram det motsette. 26 år etter «You Oughta Know» er det ei ny, ung jente med langt, mørkt hår som plukkar opp gitaren og startar ein song på same måte. Like iskaldt, innsmigrande og skummelt. Bra for deg, du får vel alt du vil ha. Du har kjøpt ein ny bil og karrieren din går skikkeleg bra, syng ho. Ein forstår med ein gong at ho ikkje meiner dette, sånn eigentleg. Det tar berre nokre sekund før maska fell og låta koker fullstendig over. Det blir skriking og banning, raseri og sorg og sjalusi i fri utfolding. Her er ikkje berre dei triste tårene, men også raseriet, temposkifta, bitterheita og ikkje minst det djupt ulogiske i at nokon lovde noko og så gjorde noko anna! I «good 4 u» skildrar Olivia Rodrigo kjensla av at nokon drar teppet vekk frå under føtene dine. Det ekle og skumle i at verda forskyv seg, som i ein sjuk sci-fi-film. Eller som i ein grøssar! Den du trudde du kjente, er ein annan!
Alt dette rommar «good 4 u» og tikkar inn på under tre minutt. Over ein milliard gonger har den blitt spelt av på Spotify, og den har i likskap med nittitalshiten «You Oughta Know» toppa lister over heile verda. Kva er det som gjer at desse rasande minutta framført av unge kvinner gjer så inntrykk på så mange? Før ein finn svaret på det, må ein også stille seg spørsmålet: Kvifor er det sånn at du, Olivia og Alanis kjenner på desse djupt irrasjonelle kjenslene? Som tidlegare nemnt, det er jo ikkje verdas undergang å bli dumpa som ung! Kvifor kjennest det slik? Jo, her finst det eit svar, og det er ikkje at du er ein idiot som ikkje greier å sjå ting i perspektiv. Eller på ein måte er det vel det, men det er ikkje din feil! Biologisk sett er tenåringar innstilt på at dei i denne livsfasen skal finne eit fellesskap utanfor biologisk familie. Det å bli avvist av ein kjærast eller venn kan difor opplevast som eit signal om at du er i reell livsfare. Du har ingen flokk, du klarer ikkje å finne ein flokk, du er ikkje eigna til å klare deg på eigen hand. Klart det vil opplevast som dramatisk!
Heldigvis er ikkje den moderne verda så brutal, du vil jo mest sannsynleg finne andre og betre folk seinare. Men kjenslene, kjenslene! Dei er ekte, og i musikken kan ein møte eit kjærkome ekko av dei kjenslene ein ikkje heilt forstår eller veit kva ein skal gjere med. Musikk kallast den emosjonelle kommunikasjonsforma. Det er her me kommuniserer kjensler, det er iallfall hovudteorien til musikkforskinga når det gjeld spørsmålet om kvifor i alle dagar menneske alltid har drive med musikk. Tankar via ord, kjensler via musikk. Når du lyttar til menneskeskapt musikk, aktiviserast også ein del av hjernen som heiter «theory of mind», som gjer at du automatisk leiter etter avsendaren, søker å finne ut kva denne tenkte, og kva han prøver å seie.
Dersom me då i musikken møter ein som set ord på alt det forbodne, kleine, vonde og idiotiske ein sjølv kjenner, så ja, då er ein mindre aleine om alt. Det blir kanskje ikkje bra, du er kanskje knust og dumpa, alt er trist og håplaust, men du er iallfall ikkje idiot som føler det slik. Som du høyrer, det har også skjedd med andre.

BONUS: Les portrettintervju med Olivia Rodrigo at the Crossroads her.

The 18-year-old “drivers license” scribe opens up about growth, perception, songwriting, and the pressure of getting it all right.

Recover

Av Torbjørn Moen

Johannes – Josse blant venner – har en eneste oppgave i livet akkurat nå. Og det er å komme over Linda Røyse. Kompisen Truls vet råd. Han googler gode selvhjelpstips for folk i sorg og krise, og drar Josse med på samtaler med folk på t-banen så vel som på fysiske utfordringer.

Les også