Hopp til innholdet
Hjem/Aktuelt/

«Eg hadde aldri håpt så djupt frå hjartet, og aldri kryssa fingrane...

Elevtekst
2. februar
2022
Faktafyk
2022

«Eg hadde aldri håpt så djupt frå hjartet, og aldri kryssa fingrane så hardt»

Fatemeh Adili (16) skriv om korleis det var å koma til Noreg, korleis det var å venta på å opphaldstillating i Noreg og kor viktig håpet har vore for ho. Dette innlegget blei kåra til det beste i skrivekonkurransen til Framtida.no, Magasinett og Falturiltu om håp, i konkurranse med over 200 andre innlegg.

Fatemeh Adili
Forfatter

Lytt til teksten som lydklipp:

«Eg hadde aldri håpt så djupt frå hjartet, og aldri kryssa fingrane så hardt»

Eg sat der heilt stille, på den gule stolen. Alle snakka og det var mykje bråk rundt meg, men spør meg høyrde eg noko eller nokon? Eg lukka augo mine, og var redd for at alt var over for meg. Det var berre éin ting eg kunne gjera – og det var å håpa.
Det var kveld, natta hadde drege sine svarte gardiner over himmelen og sølte små kvitmåla prikkar på den.
Eg hugsar den kvelden veldig godt, for det var den kvelden me skulle få svar om opphaldstillating eller deportering. To store ord, veldig store, dei var så store at dei hadde makta over å forandra framtida mi på kvar sin måte. Det stod eit stort velkomenskilt over døra til resepsjonen då me skulle inn. Eg såg på det litt, og tenkte «me får sjå på det».
Det var mange der, mange familiar, ungdomar og barn. Alle var så forskjellige, forskjellige på sin måte, det var folk med forskjellig kulturar, land og hudfargar. Éin ting var likt. Alle håpte på ei betre framtid. Det var sånn det var å bu på asylmottaket.
Foreldra mine gjekk bort og helste på nokre venner dei hadde blitt kjend med. Dei snakka saman og forsvann då eg la merke til ein ledig sitjeplass. Eg gjekk bort til den gule stolen og sette meg.
Stolen var gul og mjuk, noko som fekk meg bort frå denne verda og til tankeverda. Der var det kaos, mykje rot. Ein ting som tok merksemda mi, var framtida mi. På den eine sida var det lyst, mens på den andre sida var det mørkt.
Eg stod midt i mellom dei og om nokre minuttar var vegen til framtida mi oppdatert. Utan noko førevarsel drog mora mi meg ut der i frå, ho sa at eg måtte slutta å skjelva så mykje. Eg var redd, veldig redd. Redd for kva som kunne skje med meg viss dei sende meg til Afghanistan. Der venta den mørke framtida mi på meg.
Men kva kunne eg gjera? Ingenting, det var ingenting eg kunne gjera bortsett frå å håpa. Det var då håp var det viktigaste i livet mitt. Eg hadde aldri håpt så djupt frå hjartet, og aldri kryssa fingrane så hardt. For eg håpte ikkje berre å bu i Noreg, berre for å bu her.
Eg håpte på ei framtid der eg kunne ha tilgang til skule, og få lov til å studera. Der eg som ei jente kunne verte behandla likt som ein gut. Eg håpte på ein trygg kvardag, der eg kunne gå rundt utan å vera redd for truslar eller krig.
Ordet håp er verkeleg viktig for meg, utan håp ville framtida mi vore verdilaus. Det var håp som var med å bygga på den eg er no og det er håp som er med å bygga på framtida mi.
Om du mistar håpet, har du mista meininga med kva du brenn for.
Det var då eg skjønte at bokstaven h – står berre for håp.

Les også